Om oss 
print Man 23. Mai 11 14:15

Kjell Arve Straumsvågs antikvariat vart grunnlagt i november 2005. Firmaet vart starta for å føra vidare aktivitetane som Nynorsk Antikvariat hadde hatt i Den norske bokbyen, Fjærland til då. Innehavaren har røynsle som dagleg leiar og partner i Nynorsk Antikvariat frå starten i 1989 til slutten av 2005.

23052011_100533_0.jpg
Straumsvågs antikvariat er eit enkeltpersonføretak med Kjell Arve Straumsvåg som eineeigar. Selskapet er medlem av ILAB gjennom medlemskap i Norsk Antikvarbokhandlerforening og International Organization of Booktowns (IOB).

Straumsvågs antikvariat driv butikk i Den norske bokbyen i Fjærland. Vi har meir enn 20 000 titlar til sals på antikvariat.net.

Ønskjer du å få e-brev når vi har nye tilbod på heimesida, send adressa di til tinging@straumsvaagsantikvariat.no.

Butikken er open sju dagar i veka frå 1. mai til og med 18. september, bortsett frå 17. mai. Frå midten av juni til andre halvdel av august er opningstidene 10-18 alle dagar. Før og etter den tida er opningstidene litt kortare. Det er og mogleg å komma på besøk utanom butikksesongen, men då etter avtale.

Vi har meir enn 20 000 titlar i eit assortert utval framme i butikken. Vi er mellom dei få her i landet som har eit stort tilbod i både eldre og nyare barnebøker. Vi tilbyr både aktuelle bøker til den ferierande som skal ha lesestoff, handplukka titlar til den kresne samlaren og bøker som fyller hol i referansebiblioteka hos offentlege institusjonar og næringsdrivande. Utvalet blir stadig fornya og forbetra. Hos oss kan du fylla eit bærenett med flott litteratur til ein grei pris eller du kan finna enkeltobjekt i høgare prisklassar.

Skal du selja bøker så gjer du dette ved å skriva til oss (e-post kjellarve@straumsvaagsantikvariat.no) eller ringja Kjell Arve Straumsvåg på mobil (932 19 337). Skal du kjøpa bøker så ringjer du butikken (57 69 22 88). Får du ikkje svar så prøver du Jan Peter Strong på mobil (958 62 387).

23052011_100557_1.jpg
Skriv eller ring til oss. Men aller største opplevinga oppnår du ved å komma til Fjærland. Sjå ”Om Fjærland” og heimesida til Fjærland reiselivslag.