K. A. Straumsvågs antikvariat

 
Velkommen til K.A. Straumsvågs antikvariat

05052011_075042_0.jpg

Vi driv butikk i Den norske bokbyen i Fjærland. Butikken er open sju dagar i veka frå 1. mai til og med 30. september, bortsett frå 17. mai. Frå midten av juni til andre halvdel av august er opningstidene 10-18 alle dagar. Før og etter den tida er opningstidene litt kortare. Det er og mogleg å komma på besøk utanom butikksesongen, men då etter avtale.

Til Fjærland kjem du med eigen bil, ekspressbuss frå nord, sør eller aust (Norway bussekspress). Merk at bomstasjonen i Fjærland no er borte. Ein verkeleg flott tur er det å ta ferja/båten frå Hella eller Balestrand inn Fjærlandsfjorden til Mundal der bokbyen ligg. Korresponderer med hurtigbåten til Bergen og båt til Flåm/Aurland.

Du kan gjerne  tinga bøker på internett. Vi har meir enn 25 000 bøker i hyllene. Av desse er meir enn 20 000 titlar til sal på antikvariat.net. Du kan søkje i titlane på sida "Bøker på lager" i menyen.


http://www.straumsvaagsantikvariat.no/Hjemmeside
Man 23. Mai 11 15:47